Maleficent

Maleficent: Mistress of Evil, er oppfølgjar til den internasjonale box-office suksessen Maleficent frå 2014. Me møter att Angelina Jolie og Elle Fanning i rollene som den mørke feen Maleficent og prinsesse Aurora, to velkjente karakterar frå studioets klassiske animasjonsfilm Tornerose – den utrulege historia som vart gjort levande på det store lerretet i Maleficent. På rollelista finn me no også Michelle Pfeiffer, Chiwetel Ejiofor, Sam Riley, Harris Dickinson, Ed Skrein, Imelda Staunton, Juno Temple og Lesley Manville. Maleficent: Mistress of Evil er eit fantasy-eventyr som tek oss fleire år etter hendingane i Maleficent, der publikum vart kjent med hendinga som fraus hjarta til ei av Disney sine mest kjende skurkar og dreiv henne til å kaste ei forbanning over babyen, Prinsesse Aurora. Filmen held fram med å utforske det komplekse tilhøvet mellom feen med dei to horna og Aurora, som snart blir dronning, då dei i møte med nye fiendar må skape nye alliansar i kampen for å forsvare riket sitt og dei magiske skapningane der. 

10 - P - Maleficent.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 24 okt 18:30 Maleficent 110 LISJESALEN 9 år Film Kjøp billett
sø 27 okt 17:45 Maleficent 110 STORSALEN 9 år Film Kjøp billett

Maleficent

to 24 okt18:30110

Kjøp billett

Maleficent

sø 27 okt17:45110

Kjøp billett