10 - P - Nordsjøen.jpg

Nordsjøen

Vesle julaftan 1969 annonserte den norske regjeringa ei nyhende som skulle forandre Noreg for alltid. Dagen markerte starten på Noreg sin oljealder og eit økonomisk eventyr utan sidestykke.

I den nye storfilmen NORDSJØEN tar det norske oljeeventyret ei dramatisk vending. Ein oljeplattform går plutselig ned utanfor Ormen Lange feltet. Forskarane søker desperat å finne løysinga på den tilsynelatande uforklarlege hendinga. Noreg held pusten når det syner seg at ulykka berre er starten på noko som skal bli veldig mykje meir alvorleg. Eit menneskeleg drama på liv og død startar i det tusenvis av oljearbeidarar brått er fanga på plattformar over heile Nordsjøen. Noregshistoria sin største redningsaksjon er eit faktum.


Midt i dette kaoset er Sofia. Ho er ein ung gründer som jobbar med svært avanserte undervassrobotar. Saman med kollegaen Arthur må ho risikere alt i ein desperat kamp mot klokka, då det syner seg at Sofia sin kjærast er fanga i ein øydelagd plattform djupt under havoverflata.

 

 

 

 

 

Ny storproduksjon frå Fantefilm som tidlegare har produsert katastrofefilmane SKJELVET og BØLGEN.