parasitt_sitat_a4_ny.jpeg

Parasitt

I PARASITT møter vi ein familie på fire som bur i ei sliten kjellarleilegheit i byen. Utsikta er ei glipe på gateplan mot eit smug der rusa karar har for vane å late vatnet. Med varierande hell tjuvlåner dei internett frå etasjen over, og for å få mat på bordet pakkar dei pizzaesker for ein restaurantkjede i nærleiken. På tross av samhaldet og kjærleiken til kvarandre, er det ikkje stort til liv. Etter eit besøk frå ein ven av familien sin son, får dei ein ide til ein veg ut av elendigheten. Familien tar sjansen med begge hender. Etter regissøren sitt eige ynskje, skal ikkje meir av handlinga røpast her. Dette er ei oppleving som nytast utan å vete for mykje på førehand.
PARASITT er ein sjangerleik av dei sjeldne. Sømlaust slyngasst ein mellom varm humor, iskald thriller, familiedrama og samfunnssatire. Samstundes styrer den unna alle konvensjonar og klisjear, slik at filmen umulig kan setjast i bås. Gjer deg klar til ei filmoppleving utan sidestykke!
Regissør Bong Joon-ho har blant anna laga monsterfilmen THE HOST, sci-fi-thrilleren SNOWPIERCER og Netflixfilmen OKJA.



 

 

 

 

 

Parasitt er nominert til seks prisar i kategoriane:

Beste film | Beste regi | Beste originalmusikk | Beste fremmedspråklige film | Beste filmredigering | Beste produksjonsdesign |

 

}