05 - P - Dectective Pikachu.jpg

Pokémon: Detective Pikachu - 3D

Pokémon-verda vaknar til liv!
«POKÉMON Detektiv Pikachu» er den første live-action spelefilmen som er laga om Pokémon-universet. Ryan Reynolds spelar detektiv Pikachu, og filmen er basert på det populære Pokémon-merket, som fenger alle generasjonar og er ein av tidenes mest populære og suksessfulle mediefranchise.
Historia startar når stjerne-etterforskar Harry Goodman forsvinn på mystisk vis og den 21-år gamle sonen hans Tim, dreg for å finne ut kva som har skjedd. Til å hjelpe seg med etterforskinga, har han med seg Harry sin tidlegare Pokémon-partnar, detective Pikachu – ein overraskande smart og sprudlande super-snok. Tim er det einaste mennesket som kan snakke med Pikachu, så dei er det perfekte teamet i jakta på å løyse mysteriet. Saman følgjer dei spor i dei neonopplyste gatene i Ryme City – ein moderne metropol der menneske og Pokémon’ar lever side om side i ei hyper-realistisk live-action-verd. Dei møter eit mangfald av Pokémon-figurar og avdekker sjokkerande intriger, som kan øydeleggje den fredelege sam-eksistensen og truge heile Pokémon-universet.