04 - P - Promising.jpg

Promising Young Woman

Oscar-helg på Kino Førde  med  Førpremiere sundag 25. april

Promising Young Woman er ei krysning mellom ein thriller og ei svart komedie, og hovudrolleinnehavar Carey Mulligan er nådelaus og ustoppeleg i Emerald Fennell sin regidebut. Filmen hadde verdspremiere på Sundance Film Festival i januar 2020 og hausta gode kritikkar for å vere modig og provoserande i ei tid der kvinner sitt samtykke er eit hyperaktuelt tema.

Cassandra Thomas (Carey Mulligan) var ein pliktoppfyllande medisinstudent med ei lysande framtid, heilt til ei mystiskhending sette ein stoppar for alt. Ei hending som etterlot henne hevntørstig. No lever Cassie eit dobbeltliv, der ho om natta søkjer kontakt med framande menn - for å konfrontere dei. Etter ei rekkje tilfeldige møter, støter ho på ein gammal kjenning som omsider kan gje henne moglegheita til å ta eit oppgjer med fortida.