07 - P - Rettferdighetens R.jpg

Rettferdighetens Ryttere

Den utstasjonerte soldaten Markus må reise heim til tenåringsdottera si Mathilde fordi kona hans døyr i ei tragisk togulykke. Tragedien verkar tilfeldig, heilt til matematikaren Otto kjem med sine to eksentriske kollegaer Lennart og Emmenthaler. Otto var sjølv passasjer på ulykkestoget, og er overtydd om at alt var planlagt og at nokon må stå bak. Etter kvart tyder alle teikn på at det faktisk var eit nøyaktig regissert attentat, som kona hans tilfeldig vart eit offer for, og Markus bestemmer seg for å ta affære på eigenhand.