05 - P - Rutete Ninja.jpg

Rutete Ninja

Rutete Ninja er ein annleis animasjonsfilm som absolutt ikkje høver for dei yngste. Filmen inneheld generøse mengder drap, action, hevn, forelsking, fyll, fest, audmjuking, mobbing, knark, banning og framfor alt masse drøy humor.
Asgeir går i 7. klasse, men er forelska i uoppnåelege Jessica i 8. Tihøvet hans til stefaren Jørn og stebror Odin er mildt sagt anstrengt. Skulebølla Glenn frå spesialklassen plagar han, medan Asgeir sin nerdete venn Odyssevs ikkje er til særleg hjelp. Men ein dag kjem Onkel Stewart med ei heilt spesiell bursdagsgåve til Asgeir. Ei gåve som kjem til å snu opp ned på verd til Asgeir: Ei sverdsvingande, rappkjefta Ninja-dokke i rutete drakt som blir levande og terroriserer omgjevnadane når både dei og Asgeir minst ventar det.