01 - P - Sannheten.jpg

Sannheten

La Vérité som filmen heiter på fransk, er Kore-eda sin fyrste film på eit anna språk enn japansk. Handlinga går føre seg i Frankrike med legendane Catherine Deneuve og Juliette Binoche i hovudrollene, godt supplert av Ethan Hawke og Ludivine Sagnier. Dei to førstnemnde spelar mor og dotter med eit heller anstrengt forhold. At mora no har skrive bok, gjer til at gamle minner kjem fram i lyset – og notida.

Filmen kjennast som nesten merkverdig fransk, med skvulpande raudvinsglas og intense samtalar. Samstundes er den full av interessant familiedynamikk og menneskelege relasjonar av den typen som har kjenneteiknet Kore-edas filmar i ei årrekkje. Kanskje er det ikkje så rart at ein regissør av hans kaliber ikkje lar seg hindre av eit framand språk. Han har ein eigen evne til å observere og framstille mennesker på ein måte som kjennast veldig verkeleg – også her. Velkommen tilbake, Kore-eda!