Sir

Ein ung, singel mann frå overklassa i Mumbai vert tiltrekt av si like unge hushjelp frå bygda i det romantiske dramaet Sir. Alt ligg also til rette for ei skikkeleg Askepott-historie, men regissør Rohena Gera vel i staden å skape nyansert fortelling om forventningar til familielykke i dagens India

Hovudpersonane Ratna og Ashwin har begge dårlege erfaringar med arrangerte ekteskap. Ho opplevde skamma med å bli enke som 19-åring, to månadar etter bryllaupet. Han blei lurt til å tru at ein venn av familien faktisk ville gifte seg med han. No er begge åleine, og bur i same leilegheit. Han er desillusjonert, mens ho gledar seg over å kunne spare opp pengar til å ta utdanning. «Livet er ikkje over endå, sir», seier Ratna til Ashwin. Til slutt vaknar livsgnisten og kjærleiken, men er det nok til å overvinne kjønns- og klassestrukturane som skil Ratna og Ashwin?

09 - P - SIR.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 22 aug 17:15 Sir 110 STORSALEN Film Kjøp billett

Sir

to 22 aug17:15110

Kjøp billett