01 - P - SWAN.jpg

Swan Song

Pat Pitsenbarger (Den legendariske Udo Kier) er ein pensjonert frisør. Ein dag flyktar han ut frå eldresenteret for å ta ein siste hårklipp på ein av sine gamle kundar. Ei rik og nyleg avdød dame, som treng litt hårstell i samband med si eiga gravferd. Pat mimrar over sine flamboyante glansdagar. På eldresenteret har han kjent seg tom og fortapt, men når han endeleg kjem seg ut, kjem energien tilbake. Du har aldri sett Udo Kier i ei slik rolle. Han rocker «looken» med maskara, leppestift, Askepottsko, ringar og fedora. Swan Song løftast opp av den fabelaktige hovudrolla og reflekterer over det skeive miljøet, både i fortid og notid. Alt med eit herleg glimt i auget.

Swan Song er vinnar av Kritikarprisen på Den Norske Filmfestivalen i Haugesund,og delast ut av ein jury av medlemmar frå Norsk Filmkritikarlag. Juryen si grunngjeving:

Vår pris går til ein film som er fri for fordommar. Filmen er engasjerande, morosam, rørande, og ei forteljing om å høyre til eit fellesskap, sjølv om ein står på utsida av det konorme samfunnet. Det er ein film om venskap, kameratskap og aksept, og det å være homofil, både før og no. Og det er eit sterkt og hjartevarmt portrett av eit fargerikt og unikt individ, skildra i ei ikonisk framstilling av hovudrolleinnehavar Udo Kier.