DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 19 jan 18:30 The Alpinist 130 LISJESALEN (9 år) Ungdom/Vaksne Film Kjøp billett
fr 21 jan 20:45 The Alpinist 130 LISJESALEN (9 år) Ungdom/Vaksne Film Kjøp billett

The Alpinist

on 19 jan18:30130

Kjøp billett

The Alpinist

fr 21 jan20:45130

Kjøp billett

The Alpinist

Medan klatresporten har utvikla seg frå ein nisjeaktivitet til eit populært underhaldningstilbod, klatrar Marc-André Leclerc åleine, langt unna rampelyset. På avsidesliggande fjellveggar gjennomfører den frisinna 23-åringen nokon av dei mest vågale soloklatringane i historia. Likevel får han lite merksemd, Utan kamera, tau og feilmargin er Marc-Andrés tilnærming det ultimate soloeventyret.

Intrigert av desse tause bragdene bestemmer regissør Peter Mortimer (The Dawn) seg for å lage ein film om Marc-André. Men den kanadiske einstøingen lever eit nomadisk liv og er mediesky. Han eig verken telefon eller bil, og er motvilleg mot å sleppe filmcrewet til i hans private klatreverd.

Medan Peter slit med å henge med, gjennomfører Marc-André stadig meir spektakulære og vågale klatringar. Verdas fremste klatrarar er stumme av beundring for hans prestasjonar, mens andre fryktar at han tar for store sjansar. Så gir Marc-André seg ut på eit historisk prosjekt i Patagonia som kjem til å endre vårt syn på kva som er mogeleg innan soloklatring.

ALPINISTEN er ein intim dokumentarfilm om ein visjonær klatrar som følger hjartet sitt, sjølv om det set livet hans på spel.

 

01 - P - The Alpinist.jpg