03 - P - thefarewell_staaende_digi.jpg

The Farewell

The Farewell er en sjarmbombe av ein film og historia bygger på regissør Lulu Wang sine eigne opplevingar.

 

 

 

 

 

 

Billi er fødd i Kina, men bur i New York. No skal ho i eit bryllaup i Changchun. Bryllaupet er sett i scene og berre ein unnskyldning for at heile familien skal samlast for å sjå bestemor, Nai-Nai, ein aller siste gong. Bestemor er alvorleg sjuk, men familien har bestemt seg for å halde det hemmeleg. Forsøket på å gje henne ei lukkeleg tid skåna frå alle bekymringar, kjem i konflikt med Billi sine vestlege verdiar. Billi prøver å navigere i eit minefelt av forventningar og sosiale koder i Kina, samstundes som ho lærer mykje om seg sjølv og oppdagar på nytt det landet ho er fødd i. Med ei god løgn i sentrum blir det eit humoristisk og rørande møte mellom familie og ulike kulturar.