03 - P - The Father.jpg

The Father

Anthony er 81 år gamal. Han bur aleine i leilegheita si i London og avviser kvar einaste heimehjelp som dottera Anne tvingar på han. Slik hjelp blir stadig meir naudsynt for henne å få på plass, sidan ho ikkje lenger kan treffe han kvar dag. Ho har nemleg bestemt seg for å flytte til Paris for å bu saman med ein mann ho akkurat har møtt.

 

 

 

 

 


Men dersom dette stemmer, kven er så den framande mannen som plutseleg vandrar inn i stova til Anthony, og hevdar å ha vore gift med Anne i over ti år? Og kvifor er han så overbevist om at det er Anthony som befinn seg i ekteparet si leilegheit, og ikkje omvendt? For Anthony følest det som han går frå forstanden, eller i alle fall som om nokon prøver å lure han til å tru at han går frå forstanden. Han huskar så tydeleg at leiligheita er hans eigen. Kan det vere at dei forsøkjer å svindle leiligheita frå han?

 I The Father ser vi verda gjennom Anthony sine auge. Som sjåarar blir vi med på opplevinga han har av røyndomen, til tross for at røyndomen har blitt uoversiktleg og uforutsigbar. Meir enn nokon film tidlegare let The Father oss sitte att med kjensla av korleis det kan vere å faktisk lide av demens. Samstundes er det historia til Anne, som står framfor det smertefulle dilemmaet rundt kva ho skal gjere med far sin. Skal hun ta han med seg, sjølv om det kan gå ut over livet hennar saman med Paul? Har ho rett til å leve sitt eige liv? Og kva skjer når ein må opptre som forelder til sin eigen forelder?

 

Det er eit uunngåeleg faktum at i eit kvart forhold mellom barn og forelder, kjem det ei tid der barnet blir omsorgsgjevairen. Til tross for et vanskelig tema, er filmen bygd på ein grunnmur av empati, og er også ei feiring av det sterke bandet mellom foreldre og barn. The Father har klart å finne ein kunstnarisk måte framstille både korleis demens opplevast og korleis det påvirker dei som er rundt. 

 

Anthony Hopkins gjer ein knallsterk hovudrolle, som vart belønna med Oscar for beste mannlege hovudrolle under årets utdeling. NRK P2 seier det er Hopkins si beste rolle nokon gong, og det seier ikkje reint lite! I rolla som dottera Anne finn vi Oscarvinnar Olivia Colman,