03 - P - The invisible man.jpg

The Invisible Man

Det du ikkje kan sjå, kan skade deg! Cecilia (Elisabeth Moss) lykkast med å flykte frå den valdelege og manipulerande sambuaren sin, forskaren Adrian Griffin. Ho startar eit nytt liv i nye omgjevnader, sjølv om ho lever i evig frykt for at Adrian skal finne henne. Så får ho beskjed om at ekskjærasten har tatt livet av seg, og i testamentet har han etterlate henne ein betydeleg pengesum. Når sjokket har lagt seg, byrjar Cecilia endeleg å sjå lyst på framtida att. Men ho føler seg framleis iakttatt, og snart startar ei rekkje skremmande hendingar å ramme henne og dei ho er glad i. Held ho på å bli galen, eller er det nokon der ute som vil skade henne. Nokon ho ikkje kan sjå...

}