10 - P - The man who.jpg

The Man Who Sold His Skin

Sam Ali, ein ung sensitiv og impulsiv syrar, flyktar til Libanon for å sleppe unna borgarkrigen i heimlandet. For å kunne reise til Europa og leve med sitt livs kjærleik, godtek han å få ryggen tatovert av ein av verdas mest banebrytande samtidskunstnarar. Men Sam må snart innsjå at å omdanne sin eigen kropp til eit prestisjetungt kunstverk kan bety alt anna enn fridom...

 

 

 

"The Man Who Sold His Skin" er ein samtidsrelevant film basert på ein internasjonal krise som ligg langt framme i bevisstheita til oss alle. Filmen sin prisbelønna kvinnelege regissør, Kaouther Ben Hania, klarer å fange det menneskelege og gjengje kva desperasjon (og kjærleik) kan drive eit menneske til å gjere. Med beskrivelsen "ein allegori over den enkelte sin personlege fridom i eit ikkje-egalitært system", omhandlar filmen både overordna problemstillingar i flyktningdebatten, og meir djupsindige spørsmål som tap av verdigheit for å oppnå av fridom til å kunne gå der ein vil. Filmen er lauseleg basert på Wim Delvoye sitt kunstverk "Tim" fra 2006.