07 - P - Outpost_poster_no_web_mid.jpg

The Outpost

Basert på ei sann historie.
Det hardaste slaget under krigen i Afghanistan.
Mot alle odds, blei oppdraget å overleve … 

Krigsfilmen The Outpost er basert på den bestselgande The New York Times boka «The Outpost: An Untold Story of American Valor» skriven av Jake Tapper frå CNN. Ei liten militær eining med 54 U.S. soldatar er stasjonert åleine i den aude leiren, Combat Outpost Keating. Keating er lokalisert i botnen av ein dal mellom tre fjelltoppar i Afghanistan. Her må dei til slutt forsvare seg mot ein enorm hær med over 400 Taliban-krigarar som angrip med full styrke. Slaget ved Kamdesh er kjend som det mest blodige slaget under krigen i Afghanistan, og den amerikanske troppen 3-61 CAV blei ein av dei mest dekorerte einingane under den 19 år lange konflikten. Det blei også delt ut to Medal of Honour for deira heltemot.
I hovudrollene møter vi Scott Eastwood (Fast & Furious 8, Suicide Squad, Pacific Rim, Fury), Orlando Bloom (Lord of the Rings, Kingdom of Heaven, Pirates of the Caribbean), Caleb Landry Jones (X-Men: First Class, Three Billboards Outside Ebbing Missouri, Get Out), Milo Gibson (Hacksaw Ridge, Mission of Honor).

}