03 - P - TOVE - NO POSTER - WEB - 20210319.jpg

Tove

Filmen skildrar formativ, men mindre kjende år i Tove Jansson sitt liv. Vi er i Helsinki, 1945. Krigen er over og kunstnaren Tove Jansson kjempar både ved staffeliet og med relasjonen til far sin, den finsksvenske skulptøren Viktor Jansson. Full av livslyst og kampglød leiger ho eit nedlagt studio som snart vert fylt av festande kunstnarar og ukonvensjonelle personar. Ho innleier eit ope forhold til den gifte politikaren og debattanten Atos Wirtanen og blir for første gong lidenskapleg forelska i ei kvinne, teaterregissøren Vivica Bandler.
Samstundes byrjar dei små eventyrfigurane hennar, som ho har teikna på i skjul, å krevje meir plass. Dei små figurane Tufsla og Vifsla, lett inspirert av Tove Jansson og Vivica Bandler , blir fødd

På spørsmål om kven ho skreiv for, svarte Tove Jansson gjerne at ho skreiv for seg sjølv, og ikkje så mykje for barn, i alle fall ikkje først og fremst. – Men om forteljingane mine vender seg til ein spesiell type lesar, er det truleg eit nurk. Eg meiner dei som har vanskeleg for å passe inn nokon stad, dei som er utanfor og på grensa. Det nurket som ein sjølv har klart å flykte frå eller skjule.
Tove Jansson sin vedvarande og tidlause appell tyder på at det finst eit nurk i oss alle.

«Et svært vellykket portrett av en person som går sine egne veier. En åpenbaring for alle.» - Dagsavisen, terningkast 5

 

 

 

-Tove Jansson er ein av desse forfattarane som det kjennest trygt å lese, fordi ein veit at ho ikkje er i stand til skrive eit einaste ord feil, ikkje ei einaste dårleg eller slapp setning, seier Hovland i eit essay om boka «Sent i november» - Ein veit at ein vil le høgt undervegs, og kanskje gråte litt. Og at ein etterpå vil kjenne seg litt klokare og vite at ein har lese noko som er djupt menneskeleg og sant. Og så er ikkje personane i romanane eingong menneske, men likevel altså svært så menneskelege.