06 - P - Ulv i fåreklær.jpg

Ulv i fåreklær

Det store spørsmålet er nok ein gong: Kan sau og ulv leve saman i fred og vennskap?

I Den Forente byen lever sau og ulv eit fredeleg og roleg liv ilag, og dei respekterer siviliserte samfunnsreglar. Men ein dag får dei uventa gjester - ein polarrev og ei lita søye på flukt.

Gray, leiaren i byen, beskyttar dei, og han får ei livstrugande utfordring. Skal han følgje alle lovene til rovdyra og bli ein av dei att, eller skal han kjempe mot dei? Kan motet og kreativiteten hans, så vel som alle venene, vinne over problema og skape fred att i byen deira?