03 - P - Ut og stjæle hester.jpg

Ut og stjæle hester

Basert på Per Petterson sin kritikarrosa bestselgjar!

Året er 1999. Trond er 67 år gamal, og har flytta til ein aude plass. Når hausten nærmar seg vinter gler han seg til Nyttårsafta 2000, som han skal feire heilt åleine. 
Han oppdagar ein nabo, ein mann han kjende sommaren 1948. Den sommaren far hans førebudde han på det store sviket. Men også den sommaren Trond vart vaksen og kjende på lukta av ei kvinne han ynskte å vere nær; den same kvinna som faren ynskte å dele livet sitt med...


 

 

 

 

 

 

 

«Ut og stjæle hester» er basert på Per Petterson sin internasjonale bestselgjar frå 2003, som har toppa bestselgjarlistene i Noreg, vunne ei rekkje internasjonale litteraturprisar og er omsett til over 50 språk.