Van Gogh: Wheat Fields and Clouded Skies

Publikumsfavoritten Van Gogh vender tilbake til kinolerretet i denne dokumentaren! Filmen presenterer eit nytt perspektiv på Vincent van Gogh sett gjennom augo til innehavaren av verdas største private samling av arbeida hans: Helene Kröller-Müller (1869-1939).
Mellom 1908 og 1929 kjøpte ho ca. 300 maleri og teikningar av Van Gogh. Filmen vart inspirert av den vellykka utstillinga Tra il Grano e il Cielo hadde i Basilica Palladiana i Vicenza. Her viste Kröller-Müller Museum 40 maleri og 85 teikningar frå den omfattande Van Gogh-samlinga.
Filmen fortel ikkje berre om Van Gogh sin kunst og genialitet, men gjer det òg mogeleg å forstå kor viktig teikning var som del av den kunstnariske teknikken hans. 

 

Torsdag 26. april kjem neste Kunst på Kino:

"WATER LILIES BY MONET: THE MAGIC OF WATER AND LIGHT"

https://fordehuset.no/kino/water-lilies-by-monet-the-magic-of-water-and-light

 

 

03 - P - Van Gogh.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 28 mar 19:00 Van Gogh: Wheat Fields and Clouded Skies 150 LISJESALEN A Film Kjøp billett