Yesterday

Komedie av Danny Boyle om ein musikar som ein dag vaknar opp til ei verd kor alle andre har gløymt The Beatles.

 

Gjer deg klar til sommarens store sjarmbombe på kino! Låtskrivaren Jack drøymer om sitt store gjennombrot, men slit med å finne si eiga stemme. Ein dag blir han treft av ein buss, og når han vaknar opp har alle andre på kloden på mystisk vis gløymt musikken til The Beatles fullstendig. Karrieren hans skyt rekordfart når han spelar låtane deira og folk trur han har skrive dei sjølv. Ei herleg komedie som kombinerer musikken til The Beatles med romantikk og forviklingar.

Regien er ved Danny Boyle (Slumdog Millionaire), og manus av Richard Curtis (Love Actually, Notting Hill). I rollene finn vi blant andre Lily James (Mamma Mia! Here We Go Again) og Kate McKinnon (The Spy Who Dumped Me).