Klimt & The Kiss
Om filmen
Tittel: Klimt & The Kiss
Varighet: 1t 30min
«The Kiss» av Gustav Klimt er ikkje berre eit måleri, det er eit ikon, og eit av verda sine mest kjende kunstverk. Kvifor er det så berømt og kva er løyndommen bak dette måleriet?
Vi reiser til Wien i starten av 1900-talet, ei ekstraordinær periode i den østerrikske kulturen og kunsten, der Sigmund Freud grunnlegg psykoanalysen og Gustav Klimt står i spissen for den nye sezession-rørsla. Vi følgjer Klimt i det han skaper det ikoniske Kysset, og kunnskapsrike kunsthistorikarar står klar til å avsløra gåtene i det romantiske og mystiske verket. Takka vere den nyaste Ultra HD-teknologien, byr filmen på fantastiske nærbilete og ein stor detaljrikdom, som saman med musikken skapar ei storslått oppleving. Regissøren Ali Ray, kjend for dokumentarar som «Frida Kahlo» og «Mary Cassatt – Malerinnen av den moderne kvinnen», tek oss med på ei djuptpløyande reise gjennom gull, dekorativ design, symbolikk og den ulmande erotikken som omgir «The Kiss» Ein kraftfull, gripande og lidenskapeleg film frå produsentane av «Vermeer» The Great Exhibition