Desemberstemninger - Ole Edvard Antonsen

Om arrangementet

Ole Edvard Antonsens førjulsturné "Desemberstemninger" blir av mange omtala som den ultimate julekonserten!

Ole Edvard Antonsen med sitt eminente trompetspel vil saman med gjestevokalistane
Stine Hole Ulla og Espen Grjotheim definitivt skape store musikalske opplevingar og stemningar, og høgdepunkta vil nærmast stå i kø når desse tre solistane inntar scena.

Fjorårets turné med same gjengen vart ein gigantisk suksess, og tilbakemeldingane frå publikummarar som har vore på tidlegare konsertar, meinte dette var den beste utgåva av Desemberstemningar så langt i deira 17-årige historie.

I tillegg til desse fantastiske artistane har Desemberstemningar med seg eit superlag av eit band, leia av keyboardisten Trond Lien, som mellom anna i ei årrekkje har vore kapellmeister i NRK sin Beat for Beat, Tom Erik Antonsen på bass, kjend frå utallege TV- og CD-produksjonar,og Per Hillestad på trommer og perkusjon, tidlegare bandmedlem i Lava og a-ha, for å nemne noko.

Espen Grjotheim, Noregs største musikalartist, med den fantastiske stemma som har kledd roller i Mamma Mia, Phantom of the Opera, Chess og Miss Saigon, for å nemne nokre. Han er kjend frå ei rekkje scene- og TV-produksjonar i inn- og utland, stemma i Disney-filmar og vokalist i bandet Secret Garden, der han medverkar på innspelingar og turnear nasjonalt og internasjonalt.

Stine Hole Ulla, vår songstjerne, har vore ein del av Desemberstemningar i fleire år. Ho har dei siste åra gjort stor suksess som solist under Norsk Militær Tattoo, turné med Elisabeth Andreassen og ei rekkje event rundt om i Noreg.
Stine vann Norske Talenter i 2012.

Ole Edvard Antonsen, ein av verdas leiande trompetsolistar, med ei imponerande liste over suksessar i inn- og utland. Han har spelt i over 40 land på store scener som Carnegie Hall i New York, Musikverein i Wien, Sydney Opera House, Suntory Hall i Tokyo, for å nemne nokre.

Velkomen til julekonsert!