Lars er LOL
Billettar
Om filmen
Originaltittel: Lars er LOL
Premiere: 2023-09-29
Varighet: 1t 29min
Sjanger: Drama, Familiefilm, Barnefilm
Aldersgrense: 6
Originalspråk: Original
Regissør: Eirik Sæter Stordahl
Amanda kjem attende til skulen etter sommarferien, og er framleis stormforelska i klassekameraten Adam. Men Amanda tør ikkje å vise at ho likar han. Ho tør knapt å si hei. Alt blir mykje vanskelegare når Amanda får ei oppgåve ho ser på som ei sosial katastrofe: Ho blir fadder for den nye guten i klassen, Lars, som har Downs syndrom. Sjølv om Amanda ikkje har lyst, seier ho til slutt ja.
Lars skapar uønska merksemd for Amanda. Ho syns han dummar henne ut framfor Adam og dei andre på skulen. Men når Amanda blir betre kjent med Lars, oppdagar ho at dei likevel har mykje til felles. Hjå Lars slepp Amanda seg laus og tør endeleg å vise seg som den ho er. Sjølv om dei blir gode vener, er det framleis viktig for Amanda å halde vennskapet skjult på skulen, spesielt for Adam og ikkje minst Anna, den mest populære i klassen. Og då Amanda byrjar å henge med Anna berre for å kome tettare på Adam, blir alt berre verre. Hjå Anna er det ikkje kult å henge med Lars, tvert imot er det kult å henge han ut. I frykt for sjølv å bli uthegt, endar Amanda opp med å svikte Lars. Ho gjer noko frykteleg, som ho virkeleg angrar på. Korleis skal ho gjere det godt att, og si unnskyld til Lars? «Lars er LOL» er basert på Iben Akerlie sin bestselgande roman med same namn frå 2016.