Livet er den tiden det tar å dø
Billettar
Om filmen
Originaltittel: Livet er den tiden det tar å dø
Premiere: 2023-07-05
Varighet: 1t 10min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: A
Regissør: Bjørn-Owe Holmberg
Den kjende norske forfattaren og poeten, Lars Saabye Christensen, tek oss med på ei veldig privat reise og fortel oss tankane sine om livet, døden, håpet, musikken og tida.
Sjå Bjørn-Owe Holmberg sin dokumentarfilm om Lars Saabye Christensen sitt meir enn tretti år lange liv som musikar. Filmen viser ein meir ukjend del av Saabye Christensen, men som har forma og inspirert synet hans både på livet og heile forfattarskapen. Vi får høyre tankar, sjølv hans næraste medarbeidarar aldri har høyrt. Om den alvorlege sjukdomen, om dei dramatiske tekstane på plata "Heder og verdighet", om Gud, livet, døden, trua, håpet - og tida. Tida, som skaper både uro og det trygge, og som for Lars Saabye Christensen blir sjølve symbolet på kampen mellom livet og døden. Eit tema som har følgd forfattaren sidan gutedagane både i dikta hans, bøker og musikalske tekstar. Sju kapittel fortel heile historia, frå det første diktet, gjennom tankar om forfattarskap, fellesskap og musikk til reiser rundt i hans eige Oslo og til Vesterålen, heimen hans i femten år. Vi får høyre om dei store bluesmenn og møter den musikalske bestekameraten i over tretti år, Kåre Virud, dei to som saman er grunnstammen i bandet "Norsk Utflukt".