Magic Mike's Last Dance
Billettar
Om filmen
Originaltittel: Magic Mike's Last Dance
Premiere: 2023-02-10
Varighet: 1t 52min
Sjanger: Komedie, Drama
Aldersgrense: (9 år) Ungdom/Vaksne
Originalspråk: Engelsk
Regissør: Steven Soderbergh
Teamet bak den fyrste filmen, som slo an hjå både kritikarar og publikum, har funne saman att for å skape magien på nytt: Channing Tatum er attende som Mike Lane, og Steven Soderbergh returnerer for å regissere manuset til Reid Carolin. I tillegg dukkar Salma Hayek Pinault ("House of Gucci") opp i ei leiande rolle.
"Magic" Mike Lane er blakk etter ei mislykka forretningsavtale, og etter ei lengre pause som bartender i Florida, går han no opp på scena att. Mike blir med ei velståande sositetskvinne (Hayek) til London, etter at ho lokkar han med eit tilbod han ikkje kan stå imot... og ein eigen agenda. Når Mike oppdagar kva ho eigentleg tenkjer på, er det for seint å snu. Vil han - og gjengen med heite, nye dansarar han må få styr på - greie å gjennomføre?