Min vakre stjerne

Billettar

Billetter blir lagt ut i god tid før premieren

Om filmen

Originaltittel: ???

Premiere: 2022-12-25

Varighet: 2t 9min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Koreansk

Regissør: Hirokazu Kore-Eda

Eit hjartevarmt og elegant drama som utfordrar etablerte forestillingar om kva ein familie er. Eit nytt meisterverk frå Gullpalme-vinnaren Hirokazu Kore-Eda (SHOPLIFTERS). Vinnar av Beste mannlege hovudrolle og Den uavhengige Juryprisen under Cannes Film Festival. Vinnar av Gledesspreder-prisen på Den Norske Filmfestivalen i Haugesund. Sang-hyeon er eigaren av eit vaskeri og jobbar som friviljug ved kyrkja, der venen Dong-soo jobbar. Dei to driv også ein illegal business saman: Sang-hyeon stel ein gong i blant barn frå kyrkja sin Baby Box saman med Dong-soo, og deretter sel dei barnet på den svarte marknaden for adopsjon. Men når ei ung mor kjem attende etter å ha levert barnet sitt i ein av boksane, oppdagar ho dei og bestemmer seg for å bli med dei på ein biltur for å intervjue potensielle foreldre. Song Kang-Ho (kjent frå Parasitt) spelar hovudrolla, som gav han prisen for Beste skodespelar under årets Cannes filmfestival. Min vakre stjerne er ei varm, men bittersøt forteljing frå den kritikarrosa Hirokazu Kore-eda om familien me vel og familien me gjev slepp på.

Hirokazu Koreeda er ein av dei største filmskaparane i Japan, og kjent verda over for filmar som det Gullpalme-vinnande dramaet SHOPLIFTERS. Med MIN VAKRE STJERNE har han for fyrste gong laga film i Sør-Korea, men resultatet er ikkje desto mindre umiskjenneleg koreedask i både uttrykk og tematikk. Med eit stjernelag av koreanske skodespelarar framom kamera (Song Kang-ho, Gang Dong-won, Bae Doona m.fl.) er dette eit varmt og elegant drama som utfordrar etablerte forestillingar om kva ein familie er. Vinnar av Gledessprederen under Den Norske Filmfestivalen i Haugesund. Gledessprederen skal vere filmen som spreier mest glede. Denne prisen blir delt ut av festivalen og ein jury utnemnt av Norske kinosjefers forbund. Juryen har bestått av Ida K Balto (Aurora kino), Morten Ørmen (Lillehammer kino), Silje Utkilen (Hamar kino), Christin Berg, jury leader (Nordisk Film kino). Prisen vart tildelt «MIN VAKRE STJERNE», og består av eit trykk av Camilla Thuy. Dette er grunngjevinga til juryen: "Vi alle ble sjarmert av en broket gjeng som driver med svært tvilsom aktivitet. Med et grunnleggende alvorlig tema som ramme, fortelles en hjertevarm, morsom og medmenneskelig historie, der det utvikles et vennskap som i utgangspunktet er utenkelig. Den til tider smått absurde dialogen er morsom og tar enkeltmennesket på dypeste alvor. Skuespillerne leverer et strålende samspill og det knyttes et troverdig familieliknende bånd mellom de skadeskutte menneskene. Vi gikk alle ut av kinosalen med et smil om munnen, og vi håper at filmen kan få et langt liv på kino! Vinnar av Gledessprederen 2022 er «MIN VAKRE STJERNE» (regissør: Hirokazu Koreeda, produsent: Eugene Lee, distributør: Another World Entertainment)" Regi Hirokazu Koreeda (Japan) Filmar i utval: SANNHETEN (2019) SHOPLIFTERS (2018) DET TREDJE MORDET (2017) ETTER STORMEN (2016) SØSTRE (2015) SOM FAR, SÅ SØNN (BIFF 2013) STILL WALKING (BIFF 2009) NOBODY KNOWS (2004)