Mord i Venezia
Om filmen
Originaltittel: A Haunting in Venice
Premiere: 2023-09-15
Varighet: 1t 43min
Sjanger: Thriller, Krim
Aldersgrense: 12
Originalspråk: Original
Regissør: Kenneth Branagh
"Mord i Venezia" er eit krim-mysterium basert på ei av bøkene om den kjende detektiven Hercule Poirot av Agatha Christie, og følgjer Mord på Orientekspressen og Mord på Nilen.
Det er etterkrigstid, og Hercule Poirot har pensjonert seg og lever i sjølvpålagt eksil i ein av verdas mest glamorøse byar, Venezia. På sjølvaste halloween blir han overtalt til å delta på ein spirituell seremoni der det blir gjort forsøk på å kome i kontakt med dei døde, i eit forfallent og heimsøkt palass. Ein av gjestene blir myrda og Poirot blir kasta inn i ein uhyggeleg situasjon omgjeve av skuggar og løyndomar.