Nord mot verden
Om filmen
Tittel: Nord mot verden
Premiere: 2025-12-05
Varighet: 1t 5min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: 9
Originalspråk: Norge
Regissør: Leif Larsen
Nord mot verden er ein dokumentarfilm om ein klubb, ein by – og ein heil landsdels kamp for respekt, synlegheit og anerkjennelse.
Filmen fortel den utrolege historia om Bodø/Glimt, frå systematisk utestenging og diskriminering på 1970-talet – då nordnorske lag ikkje fekk delta i norsk toppfotball – til dagens posisjon som eit av Europas mest oppsiktsvekkande topp-lag. Dette er ikkje berre ein historie om fotball, men om identitet, stoltheit og fellesskap i Nord-Norge. Gjennom sterke personlege intervjuer, historiske arkivopptak og filmatiske bilete skildrast ein femti år lang reise der Bodø/Glimt har blitt eit symbol på noko langt større enn sporten i seg sjølv – ein klubb som har gitt stemme til ein landsdel som lenge sto utan.
