Suzume
Om filmen
Originaltittel: Suzume
Premiere: 2023-04-14
Varighet: 2t 1min
Sjanger: Animé
Aldersgrense: (9 år) Ungdom/Vaksne
Originalspråk: Original
Regissør: Makoto Shinkai
Regissør Makoto Shinkai har skapt seg litt av eit namn i animasjonsglade kretsar etter suksessen med filmane «Your Name» (2016) og «Weathering With You» (2019), som begge vart vist på norske kinoar. Med «Suzume» kjem skaren av beundrarar til å bli enda større, for dette er nok ein vidunderleg animasjonsfilm med fri fantasi, store kjensler og mektige inntrykk. Det beste av alt, er at dette òg er eit eventyr for vaksne. Større barn (filmen har aldersgrense 9 år), kan utan problem sjå filmen, men dei tematiske elementa passar kanskje aller best for eit litt eldre publikum.
“Suzume” er oppveksthistoria til den 17 år gamle hovudpersonen, Suzume, plassert på ulike katastroferamma stader over heile Japan, der ho må lukke dørene til det som er årsaka til øydeleggingane. Reisa til Suzume startar i ein stille by i Kyushu - sørvest i Japan, der ho møter ein ung mann som seier til henne: "Eg leitar etter ei dør". Det Suzume finn er ei forvitra dør som står oppreist midt i ruinane - som om den var skjerma frå ei kvar katastrofe som inntreff. Suzume, tilsynelatande tiltrekt av krafta i dette, strekkjer seg etter dørhandtaket... Dører byrjar å opne seg, ei etter ei over heile Japan, og utløyser øydelegging for alle som er i nærleiken. Suzume må stengje desse portalane for å hindre ytterlegare katastrofe.