The Miracle Club
Billettar
Om filmen
Originaltittel: The Miracle Club
Premiere: 2023-10-13
Varighet: 1t 30min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 9
Originalspråk: Engelsk
Regissør: Thaddeus O'Sullivan
Fire kvinner reiste til Lourdes i håp om eit mirakel!
Husmødrene Lily (Maggie Smith), Eileen (Kathy Bates) og Dolly bur alle i landsbyen Ballygar i Irland på sekstitalet. Dei har travle liv med tidkrevjande familiar og ektemenn og klarer sjeldan å få ei pause i kvardagen. Plutseleg får dei sjansen til å reise til Lourdes, der alle besøkande håpar på personlege mirakel. Dei tre venene er ikkje noko unnatak, og om magien ikkje skjer til tross for ein dukkert i det heilage badevatnet, kan dei likevel unne seg ein velfortent ferie! Chrissie (Laura Linney) har dukka opp i landsbyen til mora si gravferd, og bestemmer seg for å bli med til Lourdes. Ho har ikkje sett Lily og Eileen sidan ho reiste frå landsbyen som tenåring, og hennar øydelagt forhold til både dei og mora kjem til overflata. Det blir fort klart at tida ikkje lækjer alle sår, men kanskje tida for mirakel ikkje er forbi?