Trond Giske - Makta rår

Billettar

Billetter blir lagt ut i god tid før premieren

Om filmen

Originaltittel: Trond Giske - Makta rår

Premiere: 2022-03-11

Varighet: 1t 41min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: A

Originalspråk: Norsk

Regissør: Håvard Bustnes

«Trond Giske – Makta rår» gir eit unikt innblikk i Noreg si mest omtala #metoo-sak. Det er ein film om ukultur, om korleis makt gjer blind, og om kor lett det er for makthavarane å halde på harmonien med hjelp av tausheit.

Det er eit halvt år etter at Trond Giske trakk seg som nestleiar i Arbeiderpartiet, på grunn av påstandar om seksuell trakassering. No er han på køyretur i Trøndelag med campingvogn for å bygge seg opp att. Det er over 20 år sidan filmskapar Håvard Bustnes for første gang tenkte på å lage ein film om Trond Giske, ein av Noreg sine mest lovande unge politikarar. Ideen var å filme fram til han kanskje vart statsminister, men han fekk aldri svar når han prøvde å kontakte han. Trond Giske klatra på den politiske karrierestigen. Alle snakka om hans suksess og store politiske talent, men så byrja det å gå rykter om upassande "damehistorier". Eit hissig mediepress, varslar, videolekkasjar og påstandar om maktkamp fører til at Giske trekker seg som nestleiar i AP. Korleis kunne det ha seg at det stadig dukka opp nye historier? Og korleis kunne ein berre oversjå og bagatellisere historiene. Etter at media publiserte dei første påstandane mot Trond Giske om seksuell trakassering i 2027, tok regissør Bustnes kontakt på nytt. Nokre månadar seinare responderte Giske og var villig til å møtast. Bustnes blir med Giske i det han startar sitt politiske comeback, reisande rundt i Trøndelag med ei raudmåla campingvogn for å møte støttespelarar.