Ukraina, landet på randen - Hans-Wilhelm Steinfeld

Om arrangementet

Hans-Wilhelm Steinfeld held eit høgaktuelt foredrag om situasjonen i Ukraina, og i Europa. Steinfeld gir ei djupare innsikt i krigssituasjonen i Ukraina i 2022, og kva som har ført landet dit det er i dag. Ukraina betyr landet på randa - eller trakta der borte på grensa eller ytterkanten.

For det norske folk er Hans-Wilhelm Steinfeld kjed som ein tøff og pågåande utanriksreporter, med sin markante bergensdialekt som varemerke. Steinfeld har hatt ein ekstraordinær karriere som ein av NRKs mest framtredande utanrikskorrespondentar, og har gjennom mange år formidla vår tids fremste verdenshistoriske hendingar i Øst med Norge som publikum.

Steinfeld var ansatt i NRK fra 1976 til 2014. Hans spesialfelt er Russland, kor han har vore utenrikskorrespondent i 18 år. Steinfeld har også vert NRKs korrespondent på Balkan med sete i Budapest og Beograd.

Gjennom Steinfelds radio- og fjernsynsreportasjar fekk det norske folk eit meir nærgående innsyn i Sovjetunionen enn nokon gong før. Det var Steinfeld som rapporterte då glasnost-perioden 1989 gjekk over i kommunismens samanbrot i Øst-Europa, med Berlin-murens fall og samlinga av Tyskland.

Som journalist er Steinfeld blitt spesielt lagt merke til, og han er anerkjent som ein journalist av internasjonal kaliber for å ha fått dei viktige politiske aktørane i tale. Særlig kjend er hans intervju med Mikhail Gorbatsjov, Boris Jeltsin og statsminister Nikolai Rysjkov i perioden 1991–1994.