Løa - ungdom i sentrum
Løa, ein raud stor bygning, finn du rett bak Førde ungdomsskule i Kyrkjevegen 22. Ungdomsklubben er ein møteplass for deg som går på ungdomsskulen. Facebookside
Opningstider for ungdomsskulen
For deg som går på ungdomsskulen så har vi ope måndag, onsdag og torsdag mellom kl. 14:30 og 20:00 gjennom skuleåret. I feriar har vi andre opningstider.
I tillegg til dei faste opningstidene arrangerer vi Løafredag om lag seks gonger i skuleåret, der vi har ope mellom kl. 19:00 og 23:00.
Opningstider for vidaregåande
For deg som går på vidaregåande skule har vi ope tysdag mellom kl. 15.00 og 20:00 gjennom skuleåret. I feriar har vi andre opningstider.
Kva kan du gjere på>Løa?
Skrivarløa er ein rusfri møteplass for elevar på ungdomsskulen. Dei dagane vi har ope kan du mellom anna stikke innom for å:
• vere med vennar
• gjere lekser
• spele data, Playstation, airhockey, fotballspel, bordtennis og biljard
• bruke det trådlause nettet vårt
• lære deg å danse, sjå facebook - Dans Uten Grenser
• spele i band, eller øve på neste gitarprøve på bandrommet vårt
• handle i kiosken vår
• kjøpe deg middag til 30 kroner rett etter skulen (du må bestille innan kl. 18:00)
• spele brettspel
• drive med ulike formingsaktivitetar
• jobbe som frivillig i ei av arbeidsgruppene våre
Søk opp LØA-Skrivarløa ungdomshus på facebook eller følg oss på instagram eller snapchat for å følgje med på kva som skjer.
Jobbe som frivillig?
Vi treng alltid nye frivillige ungdommar i kioskgruppa og aktivitetsgruppa. Som frivillig er du med på å drifte Løa og får vere med på å bestemme kva aktivitetar vi skal ha på ungdomshuset. Du vert sjølvstendig og lærer ulike arbeidsoppgåver, som du kan lære vidare til andre frivillige. Vi kallar dette "ung til ung formidling". Det betyr i hovudsak at ungdommane sjølve har eit ansvar for å lære ifrå seg det dei kan til nykommarar i gruppa.
Send ein ei melding til oss på facebook eller instagram om du ønskjer å vere frivillig, eller snakk med ein av oss vaksne på Løa ein dag du kjem innom
Kven arbeider på Skrivarløa?
Skrivarløa er ein kommunal ungdomsklubb, og vi er fire tilsette som har ansvar for den daglege drifta måndag, onsdag og torsdag:
• Eli Britt Danielsen - ungdomsleiar i Sunnfjord kommune/dagleg leiar Løa (Permisjon)
• Karin Fedje Bøyum – miljørettleiar på Løa
• Erlend Grøttebø – miljørettleiar på Løa
• Birgitte Flaten Steinhovden - miljøarbeidar på Løa
• Ann Kristin Sønnervik - miljøarbeidar på Løa
På tysdagar møter du:
•Tove Nedrebø – utekontakt i Sunnfjord kommune
• Ane Birkeland – miljøkoordinator på Hafstad vgs
• Liv Jorunn Sellevoll – miljøkoordinator på Mo og Øyrane vgs
• Birgitte Flaten Steinhovden - miljøarbeidar på Løa
Har du spørsmål om tilbodet på tirsdagane ta kontakt med utekontakt Tove på tlf. 415 30913.
Snap: utekontaktForde, insta: _utekontakt , facebook: utekontakt Førde
Utleige av Løa til rusfrie arrangement
Vi leiger ut Løa til rusfrie arrangement i helgene, der ansvarleg for arrangementet må vere over 18 år.
Utleigeprisen per døgn er 1050 kroner for 1. etasje og 1600 kroner for 1. og 2. etasje. For bestilling eller informasjon om utleige, send e-post til: karin.fedje.boyum@sunnfjord.kommune.no
For spørsmål, kontakt:
• Karin Fedje Bøyum i opningstida, tlf. 970 05 293, e-post:karin.fedje.boyum@sunnfjord.kommune.no
Besøk facebooksida vår for å halde deg oppdatert på komande arrangement, Løafredagar, opningstider i feriar og dagens middag.
Les meir