Verden på vippepunktet - Dag O. Hessen

Om arrangementet

For 70 000 år sidan fans det ein art, beståande av spreidde bestander pa? nokon hundre individ, som stort sett levde fredeleg i eit hjørne av Afrika. I dag teller arten 9 milliardar, og er i ferd med å forandre planeten fundamentalt. Arten det er snakk om er oss. Det vi gjer mot jorda registrerast på ein geologisk tidsskala, over hundretusenvis av år. Så omfatteande er utsleppa av klimagassar og reduksjonen av naturmangfaldet vi har stått for i løpet av eit ørlite augeblikk i kloden sin lange historie.

Dag O. Hessen tar derfor bladet frå munnen. Med utgangspunkt i forsking, ikkje skremselspropaganda, viser han korleis det står til med natur og klima - og kor ille det kan gå. Det store risikomomentet er ulike tilbakekoplingsmekanismar som medfører at forandringane kan forsterkast. Samtidig er og den menneskelige kulturen i konstant endring. Kanskje står vi og her framfor eit vippepunkt i dag? Vil vi klare å snu utviklinga tidsnok til å avverje dei verste senarioa?