Wenche 75
Billettar
Om arrangementet
Wenche Myhre har vore ein folkekjær artist heilt sidan ho var tidleg i tenåra. Som 13-åring vann ho ein talentkonkurranse, og som premie fekk ho platekontrakt. Den første singelen «Åh, det er søndag» vart sjølvsagt kjempepopulær, og resten er historie. Over 60 år seinare kan ho sjå tilbake på ein fantastisk karriere, både som artist og skodespelar på film og scene.
Wenche Myhre har gjort suksess i fleire land, Sverige, Danmark, Østerrike, Sveits og ikkje minst i Tyskland. Der har ho toppa listene, hatt fleire store TV-show og i tillegg representert landet i den internasjonale Grand Prix-finalen.
Songar som «La meg være ung», «Vi lever», «Katta vår», «Vinter og sne», «66», «Det er slike ting som hender», «Gi meg en cowboy til mann», «Å-å-å sheriff», «Ei snerten snelle», «En natt forbi», og mange fleire, er for lengst allemannseige for fleire generasjonar heime, og Wenches songar har følgd oss som eit lydspor gjennom store og små augneblink i liva våre.
Alt er klart for ein kveld der vi får kjenne på heile kjensleregisteret. Det blir balladar, rock and roll, smil og latter, men også rørande augneblink. Wenche Myhre er ein av våre aller største formidlarar, og få klarer å spele på alle strengene med same naturlege eleganse og treffsikkerheit.
Orkesteret vert leia av Wenches samboar, den svenske dirigenten, musikaren og arrangøren Anders Eljas. Etter å ha turnert med Abba på 70-talet har han vore ein sentral figur i svensk musikkliv, og arrangerte seinare blant anna originalmusikken til Chess for orkester - og dirigerte London Symphony Orchestra som ein del av jobben. Anders har også jobba med musikalar som Les Miserables, Mamma Mia!, Guys and Dolls, og samarbeidd med store artistar både i Sverige og i utlandet - og sjølvsagt Wenche Myhre!
No er det klart for 75-årsdagfest - dette vil du ikkje gå glipp av.