Women Talking

Om filmen

Originaltittel: Women Talking

Premiere: 2023-03-24

Varighet: 1t 44min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Sarah Polley

Ei gruppe kvinner sit på eit høgloft og diskuterer i all løyndom. Dei lever isolert i ein religiøs koloni, med undertrykking, vald og overgrep, både mot gamle, unge og born. Uansett kva dei må gjere for å sikre ei betre framtid for seg sjølve og borna, må dei gjere det saman. Dei kan ikkje la ting vere som det er. Skal dei bli og slåss? Eller skal dei flykte? Women Talking er ein ny fantastisk og brennande aktuell film av Oscar-nominerte Sarah Polley, basert på Miriam Toews roman «Kvinnene snakker». I rollane briljerer eit stjernelag som Frances McDormand, Claire Foy, Rooney Mara, Jessie Buckley, Judith Ivey, Sheila McCarthy, Michelle McLeod og Ben Whishaw.