Kino Førde startar opp Relæxt kinovisning!
Om Relæxt:
Relæxt kjem frå det engelske Relaxed Performance – ein kulturform der rammene blir tilpassa for å skape tryggleik, forutsigbarhet og rom for ulike behov i publikum. Dette gjer det enklare for menneske med funksjonsvariasjonar å delta i kulturlivet.
Slik fungerer ei Relæxt-visning
På Relæxt-framsyningar blir det gjort fleire tilpassingar:
- Kinoen sender ut ein visuell guide på førehand, med praktisk informasjon, handlingssamandrag og skildringar av heile opplevinga (vedlagt ligg eksempel på ein slik guide)
- Det blir gjerne tilrettelagt ein eigen Relæxt-sone utanfor salen, med skjerma møblar for pausar før, under eller etter filmen.
- Kinovertar er til stades i salen for å bistå ved behov.
- Lyset blir dempa, men ikkje slått heilt av.
- Lydnivået blir justert ned.
- Publikum kan gå inn og ut av salen så mykje dei vil.
- Det er lov å snakke, le, rope eller gråte – Relæxt er ei hysj-fri sone.
Her kan du lese meir om kva Relæxt filmvisning er:
Vi startar opp i januar, med første film Flåklypa - Fra Paris til pyramidene - meir informasjon og dato kjem
Foto: Pavel Danilyuk
