Drapet på Benjamin Hermansen
Billettar
Om filmen
Tittel: Drapet på Benjamin Hermansen
Premiere: 2026-10-02
Varighet: 1t 36min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 15
Originalspråk: Norge
Regissør: Ingvild Søderlind
Ei vinternatt på Holmlia mister 15 år gamle Benjamin livet – drepen av 19 år gamle Joe Erling, kun fordi han er mørk i huden. Eitt år seinare står mor til Benjamin, Marit, overfor ein kvar foreldre sitt verste mareritt, rettssaka mot han som drap sonen hennar.
Me følgjer kampen til Marit i retten og gjennom tilbakeblikk til livet før tragedien blir to lagnader vovne saman. Benjamin vaks opp omgjeve av vener og ei mor som tek vare på han, medan Joe Erling blir forma i eit miljø prega av omsorgssvikt. Begge bur i område med låg sosial status. Benjamin opplever at politiet stigmatiserer han og Joe Erling glir inn i det nynazistiske Boot Boys-miljøet på leit etter tryggleik. Filmen skildrar kor sårbart det er når unge gutar prøver å finna ut av seg sjølve og kvar dei høyrer til – og kor katastrofale konsekvensane kan bli når hatet får rom til å gro. 25 år etter drapet på Benjamin Hermansen er dette ei historie me framleis må fortelja – om rasisme, tap og håpet om forsoning i eit samfunn som ikkje må gløyme.
