Folk Flest
Billettar
Om arrangementet
Folk Flest til Førdehuset 20. september!
Etter suksessen i fjor kjem lustrabandet med Einar Bolstad i spissen, attende til Førdehuset. Med seg i «bagasjen» har dei mange nye sangar sidan i fjor, og kan som alltid love høg gåsehudfaktor, allsang og rockefot.
Repertoaret inneheld alt frå salmar, opera, kjende klassikarar, country og irske tonar og nokre heimelaga sangar.
Kommentarar etter konserten i fjor:
-« gåsehudkonsert»
- « ein unik opplevelse frå første sang.Flott levert frå alle på scena»
- « hardt å setje med ståpels i 2 timar. Det De leverte var magisk»
- « tusen, tusen takk "Folk Flest" for ei fantastisk musikkoppleving To fantastiske vokalistar og musikarar»
- « en opplevelse fra begynnelse til slutt»
- « med den kvaliteten dåkke leverar så representerar dokke det beste av det beste i fylket»
FOLK FLEST:
Einar Bolstad: Sang, piano, akk gitar
Renate Skophamar: Sang, ak. gitar, banjo
Mathilde Skjæret: Feler, kor
Jan Frode Hellebø: Bass
Lars Berge Bolstad Pedersen: el gitar, akk gitar.
Tor Magne Kvamsdal: steelgitar, mandolin, el gitar
Arve Lomheim: Trommer
Løp og kjøp billett, me gler oss til å sjå akkurat deg!!
