Humorgalla

Om arrangementet

Humorgalla i Førdehuset

Laurdag 27. februar 2027 tek denne firkløveren med seg mikrofonen og gjer seg klare til å underhalde publikum i Førde og på ærverdige Førdehuset. 

Javad El Bakali

Javad El Bakali er ein forfattar og komikar frå Haugenstua i Oslo.

Javad er best kjend som utlending.memes på Instagram og Tiktok, samt ein del av det faste ensemblet i «HUMORETATEN» på NRK. I 2022 vann Javad Humorprisen i kategorien «Morsomste på nett». Han er òg aktuell med podkasten «Javad & Jørgen».

Nora Svenningsen

Nora Svenningsen er ein kjend norsk humorist og standupkomikar. Ho vann Årets Humorspire under Humorprisen i 2023 og er for mange eit kjent andlet på humorscena.

Mange kjenner henne òg frå TV-program som Kongen Befaler og Ikke lov å le på hytta.

I april 2027 er ho aktuell med sitt første soloshow på Christiana teater i Oslo, der fleire av framsyningane allereie er utselde, med påfølgjande turné.

Jørgen EP

Jørgen EP er kanskje aller best kjend som ein av skaparane, manusforfattarane og skodespelarane bak den Gullruten-nominerte humorsuksessen Hvite Gutter på TVNorge, der han i fem sesongar spelte rolla som Mathias. Han er òg aktuell som Kjetil i komiserien Bausjen, og kvar veke kan ein høyre han i den populære podkasten Gutta Backer saman med resten av Hvite Gutter-gjengen.

Han er ein komikar med treffsikker timing, skarp observasjonshumor og personlege anekdotar.

Henrik Bjørnson

Henrik Bjørnson er ein komikar stappfull av sjarm, energi og inkluderande humor. Han har underhalde på små og store standupscener i 15 år og er eit fast innslag på Latters Klubbscene, både som standupkomikar og konferansier. Saman med Halvor Johansson og Olav Svarstad Haugland har han i 7 år vore programleiar for den populære morgensendinga «Stå Opp» på Radio Rock.

Kjøp billettar til ein fartsfylt og hysterisk morosam kveld på Førdehuset med høg energi, skarpe poeng og ei stemning du seint vil gløyme.

Baren opnar kl. 18.00 i Festsalen. Du kan og kjøpe nydeleg tapas før showet! Bruk billettkategorien Tapas og Show, tapasen startar kl. 18.00. (Showet startar kl. 20.00 i Storsalen)