"For vår jord" med Anita Skorgan, Sara Skorgan Teigen & Karoline Krüger
Billettar
Om arrangementet
Anita Skorgan, Sara Skorgan Teigen & Karoline Kruger
Ein ny trio ser dagens lys!
Anita Skorgan og Karoline Krüger foreinar endeleg sine sterke stemmer i ein julekonsertturné i november og desember 2026. Med seg har dei Sara Skorgan Teigen, som har solid familieforankring i musikken. Ho har lenge hatt lyst til å lære den julemusikalske arven etter mor si, og er no endeleg klar til å stå fram med sine musikalske talent.
Allereie på 80-talet skreiv Anita den ikoniske songen «For vår jord» til Karoline. No gir dei songen nytt liv som musikalsk ramme for ei julekonsertoppleving kjenneteikna av varme, humor og musikalsk generøsitet. Høgtidas musikk opnar opp for nettopp fellesskap og attkjenning trioen vil òg invitere publikum til å delta med song.
Anita har i over 50 år vore ein sentral skikkelse i norsk musikkliv, med eit tjuetals album og ikoniske opptredenar i Eurovision. Ho har òg hatt ein unik 39 år lang og rik erfaring med norske julekonsertar.
Karoline har etablert seg med suksess i store roller på musikkscenar landet over, ved sida av sitt virke som komponist og scenekunstnar. Sara er i sitt daglege virke prisvinnande biletkunstnar, med musikk som lidenskap.
For vår jord blir ein julekonsert der tre kunstnarskap møtest:
Det blir trestemt, stemningsfullt og vakkert!
Musikarar: Morten Reppesgård (keyboards) og Tarjej Nysted (fiolin, perk & nøkkelharpe m.m)
Anita og Karoline på tangentar.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen.
