NAZA

Om filmen

Originaltittel: NAZA

Premiere: 2026-10-23

Varighet: 1t 20min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: 15

Originalspråk: Storbritannia

Regissør: Yuval Abraham, Rachel Szor

Her blir mekanismane som ligg til grunn for den systematiske utryddinga av sivile palestinarar i Gaza, avdekte og skildra av dei som utforma og gjennomførte massedrapa: israelske etterretningsoffiserar og soldatar.

I det dempa nattelyset på tak i Tel Aviv finn hemmelege samtalar stad. Dette er avslørande og oppsiktsvekkjande intervju med israelske soldatar, gjennomførte av dei to israelske filmskaparane bak NO OTHER LAND, som regisserte filmen saman med to palestinske regissørar. I NAZA blir systematiske massedrap på sivile palestinarar i Gaza avdekte, med bruk av KI og moderne teknologi. Dei israelske filmskaparane og gravejournalistane kjende eit stort ansvar for å utforske og avdekkje systema bak massedrapa som staten Israel står bak. Under dei hemmelege opptaka, som gjekk føre seg over ein periode på tre år, stilte dei seg sjølve det same spørsmålet som forfedrane deira hadde stilt: – Korleis er det mogleg at éi gruppe menneske kan tillate seg å dehumanisere andre? Kva er mekanismane bak slike haldningar, og korleis blir dei normaliserte? NAZA har gått rett til topps på den italienske kinomarknaden og har no passert 400 000 selde billettar. Dette er oppsiktsvekkjande tal for ein utanlandsk dokumentarfilm i Italia, og det kjem av den enorme merksemda filmen fekk då han overraskande blei annonsert på Venezia-biennalen like før programmet starta. Ikkje minst var den 25 minutt lange applausen etter framsyninga heilt ekstraordinær. Billettsalet i etterkant har rett og slett blitt eit filmhistorisk fenomen. Netanyahu har sjølv bidrege til merksemda rundt filmen ved å antyde at filmskaparane har gjort seg skuldige i høgforræderi. Dei var òg ein del av det palestinsk-israelske regissørkollektivet som vann Oscar for den norske samproduksjonen NO OTHER LAND i 2025. Den israelske kulturministeren har på si side ønskt å fråta Abraham og Szor det israelske statsborgarskapet og utvise dei. I filmen blir 24 israelske etterretningsoffiserar og soldatar intervjua anonymt om operasjonane sine i Gaza etter 7. oktober 2023. Målet var å utslette Hamas. Samstundes med at operasjonane blei gjennomførte, blei nesten heile Gaza lagd i grus. «Naza» er nemninga på sivile som blir drepne som følgje av forsøk på å likvidere Hamas-medlemmer. For mange av dei israelske etterretningsoperatørane blei denne konsekvensen ein slags «bonus». Også soldatane som massakrerte palestinarar i matkøane, får kome grundig til orde.