The Nordic Floyd Show
Billettar
Om arrangementet
The Nordic Floyd Show 25 år
I 2026 har The Nordic Floyd Show (TNFS) 25-årsjubileum – og det skal feirast!
Bandet vel fritt sine desiderte favorittlåtar. Her får du både dei udøyelege, legendariske publikumsfavorittane – men òg hemmelege, gåsehudframkallande perler som Floyd-fansen vil elske å sjå kome til live igjen i eit storslått multimedieshow!
TNFS er hyllinga som starta på ein klubbscene og voks seg opp til sjølvaste Operahuset i Oslo – som første og så langt einaste Floyd-tribute på Noregs ikoniske nasjonalscene! Oppskrifta på suksessen er alltid den same: å gripe publikum i hjarterøtene og levere intens, detaljrik, musikalsk og visuell råskap med ein magisk nerve som får deg til å halde pusten!
—
Om TNFS:
Noregs legendariske Pink Floyd-tribute, The Nordic Floyd Show (tidlegare Dark Side of the Wall/DSOTW Norway), har allereie oppnådd nirvana: å bli godkjend av sine eigne idol. TNFS er bandet som Roger Waters meiner er «F***ing brilliant», og som har spelt for fulle hus i over 20 år, mellom anna som første og så langt einaste Floyd-tributeshow i sjølvaste Operahuset i Oslo (2024).
Bergens Tidende har omtalt showet som «storslått og imponerande på alle måtar» og «…ei imponerande framsyning som absolutt høyrer til det aller ypperste i sitt slag».
Bandet si livslange kjærleik til Pink Floyd si musikk vart ein energibombe frå første øving. Sidan den gong har Helge Nyheim (vokal/trommer), Bjarte Aasmul (gitar/vokal), Kai Taule (bass/vokal) og Dag Øivind Rebnord (tangentar/visual fx) utvikla konseptet til ei forrykande multimedieframsyning. Dei har samarbeidd med gjesteartistar som Ian Ritchie (UK, Roger Waters-bandet), Sharon Gaynor (IRL, Breathe), Tine Taule med fleire.
