Om Kino Førde

Kino Førde tilbyr innbyggjarane eit variert kinotilbod for alle aldersgrupper i to kinosalar

Storsalen i Førdehuset                                                                                                                                                                                                            I Storsalen sperrar vi dei fire fremste rekkjene for at du ikkje skal komme for nær lerrettet. På kinoframsyningar legg vi difor ut 323 billettar, men kan opne fleire seter om det er ynskje om det. Lerrettet vart flytta fram på scenekanten etter at salen vart pussa opp i 2010. Galleriet vert ikkje nytta på kinoframsyningar

Lisjesalen i Førdehuset                                                                                                                                                                                                          Lisjesalen ligg bak i "nyedelen" av Førdehuset - på toppen av inneamfiet. Salen har 70 plassar, innkludert dei fire stolane som vi fjernar for eventuelle rullestolbrukarar. Ver obs på at den bakerste rekkja har liten beinplass, elles god avstand mellom rekkjene

Kinodagar
Det er fast filmframsyningar kvar tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag. Torsdagane startar første film alt ca  kl 16.15 (torsdagsfilm) og kvar laurdag prøver vi å ha ei laurdagsperle

Seniorfilm
Ein gong i månaden vert det vist seniorfilm i samarbeid med senioruniversitetet. Framsyningane, ein onsdag kl. 11.00, er opne for alle.  Det vert òg sett opp enkelte andre føremiddagsframsyningar for vaksne

 
Aldersgrenser på kino
Sjekk aldersreglane nøye og respekter dei kinotilsette som kan kreve å sjå legitimasjon eller nekte unge under aldersgrensa å komme inn åleine.

Ungar under 15 år må vere i følgje med ein vaksen for å sjå ein film med aldersgrense 15 år. Aldersgrensa er sett til 15 år fordi Medietilsynet har vurdert at det potensielt er skadeleg for unge under 15 år å sjå filmen. Vi oppfordrar foreldre til å sjå trailarar og lese om filmar for dei tek med seg ein underårig på kino!

Det at ein film har fått aldersgrense 6 år, treng ikkje bety at det er ein barnefilm, men at filmen ikkje er skadeleg for dei yngste. Vi brukar gjerne skrive (6 år) Ungdom /Vaksne for å gje eit hint om kven filmen passar for.