Ylvis & Calle - Et juleshow
Billettar
Om arrangementet
For første gong sidan I kveld med Ylvis skal Vegard, Bård og Calle dele scena saman igjen. I november og desember legg dei ut på turné med eit juleshow for ein podkast som ikkje finst, og 12. desember kjem dei hit til oss i Førdehuset!
Med seg har dei instrument, songar som har lege på vent, historier som aldri har blitt fortalde, dumme idéar og alt anna som trengst for ein heilaften du kjem til å kjenne i lattermusklane dagen derpå.
Det blir musikk, det blir prat, det blir improvisasjon – og garantert nokre augeblinkar verken dei eller du såg kome.
Vel møtt!
