Carmina Burana

Om arrangementet

Carl Orff sitt storverk Carmina Burana hadde premiere i 1937, og har vore ein favoritt og inngangsport til klassisk musikk for eit stort publikum i alle åra sidan. Verket er ein sekulær kantate, eit verk for stort kor, barnekor, solistar og orkester.

Orff lånte Carmina Burana-tittelen frå ei handskrive samling songtekstar frå middelalderen. Dei fleste av diktarane er ukjende, mange var truleg såkalla goliardar, ei livsglad gruppe omstreifande teologistudentar og provokatørar. Samlinga inneheld drikkeviser, kjærleikssongar, erotikk og harselas med religiøst hykleri.

Carmina Burana er Orff sitt mest populære verk, og mange kjenner den ikoniske åpningssatsen O Fortuna.

Orff sin særeigne musikkstil kombinerer inspirasjon fra Igor Stravinskij, rytmar frå folkmusikk og gregoriansk song.  Dette er eit fargesprakende mesterverk med en voldsom musikalsk og stemningsmessig spennvidde.

Førde kammerkor og Sogndal songlag tel om lag 70 songarar. I tillegg får vi høyre barnekor. Solistane er Ann-Margrit Silfverhielm, distriktsmusikar i Gloppen, Daniel Sæther, kontratenor, med solistoppdrag i inn- og utland, og baroyton Vegard Arnesen Bakke, freelance klassisk songar og songpedagog, for tida busett i Aurland. Dirigent er distriktsmusikar og songar Bjørn Gisle Seter som held til i Sogndal. 

Kammermusikk

Distriktsmusikarane i Vestland og andre festivalmusikarar vil gi ei avdeling med kammermusikk. Musikken spenner frå Poulenc til Leonard Bernstein. Publikum får og høyre flinke elevar frå kulturskulen som deler scene med profesjonelle musikarar.

Arrangør

Sogn musikkdagar, Sogndal sin eigen kammermusikkfestival. Festivalen vert arrangert for femte gong, og er eit samarbeid mellom Distriktsmusikarane i Vestland fylkeskommune, Sogn kulturskule og frivillig musikkliv. Festivalen har som målsetjing å tilby konsertar av høg kvalitet for folk i alle aldrar.