Årets festivalfilm 3. og 7. juli

Festivalfilmen i år er ein kraftig, men vakker svart-kvitt film laga av Katja Gauriloff – den første nokon sinne på det trua skoltesamiske språket

Filmen fortel ei sterk historie om skam, marginalisering og den destruktive påverknaden eit tap av kultur og identitet har. Men enda viktigare er filmen ein hyllest til urfolket sin styrke.

Iida reiser tilbake til Nord-Finland for å tømme barndomsheimen, men blir konfrontert med minner og nysgjerrigheita til den unge niesa hennar. Ein fengslande og gripande utforsking av samisk identitet gjennom historia.

 

Publisert
14. juni 2024
Skrevet av