Bornas Verdsdag

LAURDAG 22. NOVEMBER i Førdehuset 

 

Bornas Verdsdag er ein internasjonal familiedag i Førdehuset med gratis verkstadar og aktivitetar for born frå 0 til 16 år. I år blir det ni verkstadar med profesjonelle instruktørar som lærer deg å danse flamenco, street dance eller norske folkedansar. Du kan også prøve ekte toradar og afrikanske trommer og bli med på yoga eller høyre på eventyr i eventyrhola. Song for dei minste og rytmeverkstaden Mini-Afrika passar for dei aller yngste. Verkstadane varer i 20 minutt, og går fleire gonger mellom kl. 10.30 og 14.15. For å få plass på verkstadane, hentar du ein gratisbillett i informasjonsskranken i resepsjonen. Skranken opnar kl. 10.00.

 

I tillegg til verkstadane, er det fleire kjekke aktivitetar born og vaksne kan delta på, til dømes kan du lære å lage motankadokker, prøve ebru-måling eller enkelt tekstiltrykk, teikne, lage internasjonal julepynt med meir. Aktivitetane kan du besøke når du vil heile dagen.

Fargerike Førde, den internasjonale kafeen, er på plass i festsalen heile dagen. Her får du kjøpt enkle matrettar frå heile verda. Betaling med VIPPS.

 

Dagen vert avslutta med ei gratis familieframsyning i Storsalen:

EI MUSIKALSK HYLLING TIL COCO
Med ekte mariachi-musikk, livleg dans, flotte kostyme og sterke kjensler tek Bellali Austria og hennar flotte musikarar oss med til dei fargerike gatene i Mexico. Ei framsyning full av energi, glede og liv, som passar for heile familien!

 

Arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Sunnfjord kommune

Publisert
05. november 2025
Skrevet av