I 2026 er det 50 år sidan Førdehuset opna dørene og blei ein sentral møteplass for kultur, idrett og fellesskap i regionen. Gjennom fem tiår har huset samla menneske til store opplevingar, kvardagsaktivitetar, frivillig engasjement og viktige møte, dette skal markerast gjennom eit heilt jubileumsår.
Sidan opninga i 1976 har Førdehuset utvikla seg til å bli eit kulturelt og sosialt samlingspunkt for heile Sunnfjord. Her har generasjonar opplevd konsertar, teaterframsyningar, idrettsglede, kino, konferansar og fritid. Jubileet skal løfte fram historia til huset, men også vise breidda i livet på Førdehuset i dag. Frå kultur og idrett til møteplassar, frivilligheit og store felles opplevingar.
Gjennom heile året vil det bli arrangert jubileumsaktivitetar i samarbeid med lokale lag, frivillige, kulturaktørar og samarbeidspartnarar. Hovudmarkeringa finn stad 5.–15. juni, med 12. juni som den store festdagen. Her ønskjer Førdehuset å hente fram att noko av stemninga og uttrykket frå den offisielle opninga i 1976.
Publikum kan vente seg ei feiring prega av kultur, historie, møte mellom menneske og gode opplevingar for alle aldrar. I tillegg til jubileumsdagane i juni blir det også ei eiga jubileumsveke til hausten, med fleire arrangement og markeringar.
Fullstendig program for jubileumsåret og jubileumsveka i juni vert snart publisert.
Hovudkomiteen for 50 års jubileet ynskjer å invitere heile regionen med på feiringa av eit hus som gjennom 50 år har vore ein stad for opplevingar og aktivitetar.
Velkommen til alle.
Helsing Førdehuset og Sunnfjord Kommune
